Gutelaget med tøff sesongstart mot Dale

Bilde: Tambar G15/17 møtte Dale på Naustdal stadion torsdag kveld.

Tambar sitt gutelag speler denne sesongen 11er fotball, noko vi må fleire år tilbake for å finne sist ein hadde så mange gutespelarar i klubben.

Fjorårssesongen vart ein nedtur for gutelaget i Tambar Fotball, då laget måtte trekkast frå kretsserien på grunn av at laget ikkje klarte å stille med nok spelarar.

Difor er det kjekt at gutelaget er oppe og går att denne sesongen. Og ekstra kjekt er det at laget har so pass mange spelarar at ein har valgt å melde på laget i 11er serien.

Trener for Tambar G15/17 er Sven Carlsen. Med seg på trenersida har han Frode Naustdalslid, Geir Presonbråten og Espen Langedal. Lagleiar er Merete Svalheim Standal.

Tambar G15/17 starta sesongen torsdag kveld, då laget tok imot Dale til kamp på Naustdal stadion. Her møtte Tambarlaget god motstand, og måtte berre innsjå at det var gjestane som drog det lengste strået, og kunne gå av bana med ein 6-1 seier.

G15/17 2.divisjon avd. 2

Tambar-Dale 1-6

Dommer: Svein Arne Nordheim

Tambar:
Ole-Johan Steindal Vonen
Henrik Falkenstein Grønfur
Jørgen Hove Haugen
Fredrik Herstad
Magnus Langedal Studsrød
Matias Vonen
Aleksander Solheim
Alexander Kleiva Nordbotten
Odin Hjellbrekke Svoen
Vidar Standal
Martin Personbråten
Harald Johannes Myrvang Røyseth
Benjamin Gauksrud
Per-Helge Ryssdalsnes Dombestein

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse