Dramatikk før og under gutekampen Tambar-Dale

Det vart mykje dramatikk på Naustdal stadion, då Tambar sitt gutelag møtte Dale til kamp fredag kveld. Her fekk vi oppleve full utrykking av både brannbil og brannmannskap før kampstart, medan ambulanse vart rekvidert etter berre få minutter ut i første omgang.

Brannalarmen gjekk då det vart for myke osing av lappesteikinga i kiosken før kampstart, foreldre på dugnad var ein smule fortvila då dette resulterte i full utrykking av brannbil med blålys og staute brannmenn. Heldigvis var det berre ventilatorane som ikkje klarte å halde tritt med lappesteikinga til dei ivrige foreldrene, og brannmannskapet kunne returnere utan at dei måtte rulle ut slangane sine.

Litt verre vart det for Dalekeeperen som var uheldig i ein duell med ein Tambarspelar, berre få minutter ut i fyrste omgang. Skaden i kneet vart vurdert som så alvorleg, at ambulanse vart rekvirert. Kampen vart difor utsett om lag 40 minutter, då ein ikkje ville flytte spelaren frå bana før helsepersonell var på plass.

Vi har fått melding frå trenar til Dale i kveld, om at det går etter forholda bra med Dale-keeperen. Ingen alvorlige skader, han er utskriven frå sjukehuset, men må belage seg å hinke rundt på krykkjer nokre dagar.

G15/16 avd.2
Tambar-Dale 4-2 (1-1)
1-0 Sander K.Nordheim
1-1 Dale
2-1 Daniel Heggelund
3-1 August C.Thingnes
4-1 Sander K.Nordheim
4-2 Dale

Kampen mellom Tambar og Dale var jamnspelt i fyrste omgang, der Sander K. Nordheim sender Tambar i leiinga etter frispart tidlig i omgangen. Dale utligner til 1-1 midtvegs i omgangen, noko som også vert pauseresultatet.

I andre omgang tek Tambar over spelet, og skaper mykje framfor målet til Dale. Og dei mange sjansane gir etterkvart uttelling. Daniel Heggelund sender Tambar i leiinga, etter eit knallhardt skot. 3-1 vert det då August C.Thingnes kriger ballen i mål etter mølje inne i boksen. Sander scorer sitt andre mål på frispark, då han sender Tambar opp til 4-1. Eit mål til Dale på tampen, gjer at Tambar vinn kampen 4-2, og trygger med det plassen på toppen av tabellen.

Dommar Martin Hukset hadde mange utfordrande situasjoner å halde styr på i denne kampen. Det var tette dueller mellom gutane ute på bana, der vi tykte gjestane frå Dale ved fleire anledningar var vèl tøffe i taklingane.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse