Gutelaget topper tabellen etter storseier mot Hyllestad

Tambar topper tabellen etter onsdagens kamp på Naustdal stadion, etter at laget vann heile 8-3 mot tabelltreer Hyllestad. Med heile 43 plussmål la Tambar seg på tabelltoppen, der Askvoll/Holmedal/Atløy ligg på andre plass med same poengsum som Tambar.

G15/16 avd.2

Tambar-Hyllestad 8-3 (4-2)
1-0 Emil Savland Røyseth
2-0 Emil Savland Røyseth
3-0 Emil Savland Røyseth
3-1 Hyllestad
3-2 Hyllestad
4-2 Emil Savland Røyseth
5-2 Michael Kristiansen Johannesen
6-2 Michael Kristiansen Johannesen
7-2 August Claussen Thingnes
8-2 Sander Kibsgaard Nordheim
8-3 Hyllestad

Sjå tabell

Svært god dommer: Martin Hukset

Tambar:
Olek Tybura
August Claussen Thingnes
Daniel Heggelund
Mathias Gamlestøl
Sander Kibsgaard Nordheim
Michael Kristiansen Johannesen
Emil Savland Røyseth
Mateusz Zurawel
Ole Johan Vonen
Odin Hjellbrekke Svoen

 

Kampen mot Hyllestad vart spelt som 9er fotball i fyrste omgang, medan andre omgang gjekk som 7er fotball. Dette på grunn av mangel på lys på stadion for tida.

Tambar hadde full kontroll på gutane frå Hyllestad i denne kampen, der Emil S. Røyseth scora heile fire mål i fyrste omgang. For sjølv om gjestane sette inn to mål før pause, var vi rimeleg sikker på at Tambar ville dra dette greit i land, då laga tok ein kvil etter 40 minutters spel.

Tambar fortset med bra spel i andre omgang, og innsatsen frå spelarane er det lite å sei på. Med storscoraren frå fyrste omgang på benken, fekk andre spelarar muligheit til å vise målteften sin. For også i denne omgangen scora Tambar fire fine mål, etter fint spel i forkant.

Flott jobb av alle gutane i kveld, der alle er med å bidreg til storseieren. Vi må også nemne dei to hospitantane frå Tambar sitt smågutelag, Ole Johan Vonen og Odin Hjellbrekke Svoen. Desse to karane viste mykje bra kvaliteter, og greidde seg godt ilag med dei eldre gutespelarane.

God dommer var Martin Hukset, som hadde ein tilnærma prikkfri kveld som pipeblåser.

 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse