Gutelaget med sjansebonanza og målfest mot Florø

Gutelaget, Tambar G15/16, laga sjanse-bonanza og målfest på Naustdal stadion onsdag kveld, då dei møtte Florø til kamp. Heile ein-og-tjue mål vart scora i denne kampen, noko som ikkje er heilt vanleg kost i ein gutekamp.

Det skal seiast med det samme, at Tambar var mange hakk bedre enn gutane få Florø på stadion i det fine vårværet. At Tambar ikkje leda meir enn 4-3 til pause er berre heilt utrulig. For laget skapte målsjanser i bøtter og spann, og burde faktisk ha leda med tosifra når dommer Martin Hukset blåste til pause.

I andre omgang fortsette spelet og sjansane for Tambar, og i denne omgangen fekk laget meir uttelling på sjansane sine. Heile 14 mål måtte Florøkeeperen plukka ut frå sitt eige mål i denne omgangen, noko som seier sitt om overmakta til Tambar.

Litt trasigt tykte vi det var for gjestane frå Florø, som til dei grader fekk bakoversveis i denne kampen. Men det såg ut at dei tok det med eit smil, og vi får tru at dei nysteikte lappane dei fekk i kiosken etter kampen, var eit lite plaster på såret.

Kampen vart spelt som 7er fotball, då Florø ikkje klarte å stille 9er lag.

Målscorarar for Tambar i denne målfesten var Emil Savland Røyseth som scora heile 8 mål. I tillegg scora Sander Kibsgaard Nordheim (4), David Tandstad Lillehaug (3), Mathias Gamlestøl (2) og August Thingnes.

BILDER FRÅ KAMPEN


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse