Storseier til gutelaget mot Gaular

Gutelaget til Tambar fekk ein solid opptur etter det forsmedelege tapet i toppkampen mot Askvoll/Holmedal/Atløy i kulingkasta på Atløy sist veke.

Laget møtte i kveld Gaular til kamp på Naustdal stadion, og det vart tidleg klart at alle dei tre poenga ville bli att i Naustdal. Sjølv om Gaularlaget stod på og la ned ein bra innsats, vart dei eit nummer for små i denne kampen. Periodevis såg vi gode kombinasjoner og bra spel av Tambar, og gutane var best i det meste denne kvelden. Tambar vinn kampen 10-2.

Tambar sine mål vart scora av David Tanstad Lillehaug (3), Mathias Gamlestøl (2), Emil Savland Røyseth (2), August Claussen Thingnes, Daniel Heggelund og Sander Kibsgaard Nordheim.

God dommer: Martin Hukset.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse