Gutelaget tapte toppkampen på Atløy

Etter tre strake seierer, av tre mulige, gjekk Tambar sitt gutelag på sesongens første tap torsdag kveld.

Laget hadde teke turen til vindharde Atløy denne ettermiddagen, og det skulle vise seg at vinden vart vanskeleg for våre spelarar som er meir vande med lune fønvindar innerst i Førdefjorden.

Kampen var også toppkamp i klasse G15/16 avd. 2, der både samarbeidslaget Askvoll/Holmedal/Atløy og Tambar stod med 9 poeng og full pott før kampen på det nye kunstgraset på øya.

Heimelaget kom best i gang i vindkasta, og leda 4-2 til pause. Også andreomgangen var det vertane som scora flest mål, og kunne gå av bana med 7-3 seier.

Emil Savland Røyset scora to for Tambar, medan Odin Svoen (hospitant frå smågutelaget) netta ein gong.

 

Tabell G15/16 avd.2:

Askvoll/Holmedal/Atløy  12

Tambar                         9

Hyllestad                        6

Florø                              6

Dale                               3

Gaular                            0

 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse