Gutelaget med storseier mot Dale

Gutelaget tok sin tredje strake seier denne sesongen, då dei møtte Dale til kamp på Naustdal stadion onsdag kveld. Og det vart målfest for Tambar, som tok sin største seier i år, med heile 10-0.

Tambargutane møtte eit ungt Dalelag denne kvelden, og det var venta at laget til trener/oppmann Alexis Thingnes tok kommandoen i kampen frå start av. Men sjølv om det meste av spelet føregjekk på banehalvdelen til gjestane, laut vi vente til halvvegs i omgangen, og vèl så det, før vi fekk sjå kampens fyrste mål.

Og når den fyrste scoringa omsider kom, signert Michael Johanssen, vart det reine "ketshup-effekten". I løpet av dei neste 7-8 minutta sette Emil Savland Røtseth inn tre mål, og Tambar kunne gå til pause med ein konfortabel 4-0 leiing.

I andre omgang fortsatte Tambar presset mot Dale sitt mål, noko som resulterte i ytterliggare seks scoringar til heimelaget.
Måla i denne omgangen kom ved Emil Savland Røyseth (3), David Lillehaug (2) og Mathias Gamlestøl.

Sjølv om det vart mange mål i mot for det unge Dalelaget, tykkjer vi det er verdt å nemne den innsatsen laget la ned, og jobba fortrødent gjennom heile kampen.

God dommer: Martin Hukset

X
X
X

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse