Gutelaget imponerte i sesongåpninga mot Florø

Med fleire gutar som har gitt seg i vinter, og eit lag som for tiden står uten trener, var det eit spent lag og lagleiar som drog til Florø fredag kveld. For i tillegg fekk laget fråfall frå endå fleira av dei faste spelarane, og lagleiar Alexis Thingnes hadde med det ein tynn stall til årets fyrste seriekamp mot Florø.

Utifrå utgangspunktet laget hadde før kampstart, gjekk dette over all forventning. Laget spelte god fotball i første omgang og kunne gå til pause med ein konfortabel 3-0 leiieng.

Også andre omgang er meir enn godkjent av Tambargutane. For sjølv om det ikkje vart nettkjenningar i denne omgangen, lot dei ikkje Flore å score meir enn eit mål, og laget kunne returnere til Naustdal med 3-1 seier og sin fyrste trepoengar.

Laget som i år spelar 9er fotball, mønstra til fredagens kamp 10 spelarar. Av desse var to av spelarane 13 åringar og to 14 åringar som var henta opp frå smågutelaget. Lagleiar Alexis Thingnes hadde med seg Håkon Svoen til å lede laget frå sidelinja.

FLORØ-TAMBAR 1-3 (0-3)

0-1 Sander K. Nordheim
0-2 Emil S. Røyseth
0-3 Odin Svoen
1-3 Florø


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse