Gutelaget avgjorde kampen på overtid

Gutelaget tok imot Florø 2 i flomlyset på Naustdal stadion torsdag kveld. Dette var også lagets siste kamp for sesongen, der 99 årgangen takka for seg som gutespelarar. Denne gjengen skal no starte forberedelsane mot neste sesong som a-lagsspelarar i 5.divisjon. G15/16 2.div Tambar-Florø2 1-0 (0-0) 1-0 Mathias Gamlestøl God dommer: Bjørn Hundershagen Det var langt bedre motstand Tambar møtte i kveld, og vi såg fort at det ikkje kom til å bli målkalas som i kampen dei spelte på tirsdag, då dei knuste Askvoll/Holmedal 10-2. Om det var denne kampen som fortsatt sat i føtene til Tambarspelarane, skal være usagt. Men spelarane såg litt slitne ut allerede i første omgang, og fekk ikkje vist seg fram slik vi pleier å sjå dei. No skal det også seiast at Florølaget gjorde jobben sin bra mot heimelaget, og var tett oppi dei heile vegen, noko som gjorde det meir vanskeleg for Tambar å få til spelet dei hadde tenkt. Men alikevel var Tambargutane hakket kvassare enn gjestane frå Florø gjennom store deler av kampen. Laget kom til ein del farlige målsjanser, og kunne med litt meir tur, scora eit mål eller to. På den andre sida var Florø 2 farlege på cornera sine, og berre gode Tambarhovuder gjorde att det ikkje kom mål imot. Men, som sagt, var Tambar nokre hakk farligare framover på bana. Og særleg på slutten av andre omgang kom Tamber seg til fleire gode målsjanser. Men skudd over og til sides for mål, og eit godt Florøforsvar gjorde at måla uteblei. Dei fleste på tribuna hadde nok belaga seg på ein mållaus kamp då klokka bikka mot kampslutt. Jubel vart det då Tambar gjekk opp til 1-0 minuttet på overtid. Daniel kom seg fri frå oppassarane sine ute på venstrekanten, går til dødlinja og får lagt inn framfor mål. Her kjem Mathias i full firsprang, kjempar seg forbi ein forsvarar og breisider ballen kontrollert i nota. Berre minuttet etter bles kveldens dommer, Bjørn Hundershagen, av kampen og Tambargutane kan juble for nok ein seier. Tambar sitt lag: Thomas Dobbe Personbråten August Claussen Thingnes Markus Hjelle Cirotzki Dawid Sokot Aleksander Fauske Helgås Mateusz Zurawel Martin Hukset Mathias Gamlestøl Sander Kibsgaard Nordheim Daniel Heggelund Emil Savland Røyseth Michael Johanssen David Lillehaug

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse