Gutelaget utklassa Askvoll/Holmedal

Tambar sitt gutelag høvla over Askvoll/Holmedal i sin nest siste kamp for sesongen, då dei møttes til kamp på Naustdal stadion i kveld. Tambargutane, som i perioder spelte gjestane heilt ut, gav seg ikkje før dei hadde scora tosifra med mål. G15/16 2.div TAMBAR-ASKVOLL/HOLMEDAL 10-2 (3-2) 0-1 AHIL 1-1 Emil Savland Røyseth 2-1 Emil Savland Røyseth 3-1 Jesper Tomassen 3-2 AHIL 4-2 Daniel Heggelund 5-2 Jesper Tomassen 6-2 Aleksander Fauske Helgås (str) 7-2 Dawid Sokot 8-2 Emil Savland Røyseth 9-2 Martin Hukset 10-2 Emil Savland Røyseth God dommer: Bjørn Hundershagen Berre tre minutter var spelt då det fyrste målet i kampen kom. Eit frispark frå nesten midt på bana som Tambarkeeper feilberegna ein smule, gjorde at gjestane frå Askvoll kunne gå opp i ein 1-0 leiing. Sjølv om Tambargutane får eit tidleg mål i fleisen, kjem dei kjapt til hektene att. Berre minuttet etter er gutelagets toppscorer, Emil Savland Røyseth, frampå og utligner til 1-1, etter gode kombinasjoner mellom Markus Hjelle Cirotzki og Martin Hukset, der sistnemnde gir ein fin stikker som Emil plasserer kontrollert bak Askvoll-keeperen. No kjem Tambarmåla kjapt, og berre minuttet etter er Emil frampå med si andre scoring for kvelden. Daniel Heggelund er våken og god når han stjel ballen etter ein miss frå gjestane i forsvar, sender ballen vidare til Emil som nok ein gong kontrollerer ballen inn bak keeper. 3-1 til Tambar er det Jesper Tomassen som set inn på vakkert vis. Ein krossball frå Martin er perfekt til Jesper som kjem på eit flott løp på høgrekanten, der han tek ballen med seg inn på sekstenmeteren før han plasserer ballen utagbart til venstre for keeper og i nota. Litt spenning blir det att i kampen då Askvoll/Holmedal reduserer til 2-3 midtvegs i omgangen. Men det er Tambar som er det beste laget og som skaper målsjansane i denne omgangen. Blant anna hedder August Claussen Thingnes ballen i kverrliggar etter ein corner, og Daniel Heggelund er nære då han prøver skuddfoten (sjølvsagt den venstre!) og ballen hamrer i stolperota. Nære var også Emil heilt på tampen av omgangen då han vart felt like utafor sekstenmeteren, etter å ha tråkla seg gjennom eit tett Askvollforsvar. Gult kort til Askvollspelaren, og resultatlaust frispark. Dermed gjekk laga til pause, der Tambar leda fortent 3-2. Tambargutane tek kommandoen frå start i andre omgang. Og når laget går opp til 4-2, etter eit velplassert skot frå Daniel Heggelund, etter berre få minutter spelt ut i omgangen, skal det bli ein omgang der Tambar er totalt overlegne. Utover omgangen sender Jesper laget opp til 5-2, etter ein fint framspel frå Dawid Sokot. Aleksander Fauske Helgås er sikker frå straffemerket og aukar til 6-2, etter at Mathias Gamlestøl vert felt innafor sekstenmeteren. Dawid Sokot set ballen kontant i mål etter ein corner, og Tambar er oppe i ein 7-2 leiing. Emil er frampå og auker til 8-2, Martin Hukset kjem på scoringlista med Tambar si 9-2 scoring, medan Emil set sin fjerde scoring for kvelden og fastset resultatet med ein solid 10-2 seier. BILDE: ( Klikk på bilde for å få større) BAK F.V: David Lillehaug, Dawid Sokot, Markus Hjelle Cirotzki, Emil Savland Røyseth, August Claussen Thingnes, Martin Hukset, Jesper Tomassen, Kristoffer Hundershagen (trener). FRAMME F.V: Mateusz Zurawel, Aleksander Fauske Helgås, Mathias Gamlestøl, Thomas Dobbe Personbråten, Sander Kibsgaard Nordheim og Daniel Heggelund.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse