Gutelaget sløste med sjansane då dei vann 7-1

Tambar sitt gutelag vann oppskriftmessig bortekampen mot Førde 4 torsdag kveld. Tambargutane gjekk av bana med ein konfortabel 7-1 seier, der laget misbrukte «eit hav» av sjanser i andre omgang. Tambar gjekk tidlig opp i 1-0 leiing, då lagets toppscorer Emil var frampå og sette ballen bak Førdekeeperen allerede etter få minuttar spel i fyrste omgang. Men Førdegutane var bra med på notane i starten av kampen, og ikkje heilt urettferdig scora laget utligningsmålet kort tid etter at Tambar gjekk i leiinga. Utan det heilt store spelet frå Tambarspelararne denne kvelden i Hafstadparken, gav dei Førdegutane lite håp om heimesiger. For med scoringar av Daniel, Emil og straffemål av Martin, kunne Tambar gå til pause med 4-1 leiing. Andreomgangen var berre sekundar gammal då Tambar rulla opp eit fint angrep, og var nære på å auke leiinga. Og dette vart opptakten til ein sjansebonanza frå Tambarlaget, som hadde heva seg spelemessig fleire hakk frå ein heller laber fyrste omgang. Med to mål av Emil og eit av David i andre omgang, vinn Tambar kampen greit med 7-1. Om laget hadde hatt litt meir tur i denne omgangen, kunne det fort stått det dobbelte. Fire smågutespelarar fekk i denne kampen høve til å kjenne litt på nivået i gutefotballen, der alle fekk bra med speletid og greide seg flott ilag med dei litt eldre gutane. G15/16 2.div FØRDE 4-TAMBAR 1-7 (1-4) 0-1 Emil Savland Røyseth 1-1 Førde 4 1-2 Daniel Heggelund 1-3 Emil Savland Røyseth 1-4 Martin Hukset (str.) 1-5 Emil Savland Røyseth 1-6 Emil Savland Røyseth 1-7 David Lillehaug Tambar sin tropp: Thomas Dobbe Personbråten August Claussen Thingnes Markus Hjelle Cirotzki Dawid Sokot Mateusz Zurawel Martin Hukset Mathias Gamlestøl Sander Kibsgaard Nordheim Daniel Heggelund Emil Savland Røyseth Jesper Tomassen Michael Johanssen David Lillehaug Eirik Bygstad Ragnar Holme Rodney Lending

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse