Emil scora alle då gutelaget slo Dale 4-1

Tambar sitt gutelag fekk ein pang start i haustregnet på Naustdal stadion, då dei hadde besøk av Dale torsdag kveld. Allerede etter få minutter kunne Emil sende heimelaget i 1-0 leiing. Etter ein flott stikkar frå Sander, plasserer Emil ballen kontrollert bak Dalekeeperen. Ikkje mange minutta etter den fyrste scoringa, før Emil er på farten igjen. Denne gongen er det Daniel som serverer, frå venstrekanten, og Emil set med det sin andre for dagen og Tambar leder 2-0. Med eit velplassert skot, sender goalgetteren ballen nok ein gong i mål i fyrste omgang. Dermed kan Tambargutane gå til pause med ein 3-0 leiing, og Emil kan titulere seg med ekte hat-trick. Dale får tildelt straffe tidlig i andre omgang, ein straffe dei set i mål og reduserer til 1-3. Dale kjem meir med i kampen i denne omgangen, og ser vel muligheiter for poeng etter den tidlige scoringa. Sjølv om Fjalergutane vartar opp med fleire gode målsjanser, held Tambarkeeper Thomas målet reint resten av omgangen. Og når Emil er frampå og set si fjerde scoring for kvelden om lag midtvegs i omgangen, innser nok gjestane at dei må returnere med tap og null poeng. Tambargutane spela ein solid fyrste omgang, der kombinasjonane og bevegelsene var gode. Laget skapa mykje framfor Dalemålet, og i perioder foregikk mesteparten av spelet på Dale sin halvdel. Emil viser på ny at han er ein god avslutter. I tillegg til målscoraren, viser alle Tambarspelarane god lagmoral og fine prestasjoner ute på kunstgrasmatta. På slutten av fyrste omgang og deler av andre omgang slapp heimelaget Dale inn i kampen, men som oftast rydda Tambarforsvaret greit opp i angrepa som kom. G15/16 2.divisjon haust Tambar-Dale 4-1 (3-0) 1-0 Emil Savland Røyseth 2-0 Emil Savland Røyseth 3-0 Emil Savland Røyseth 3-1 Dale (str.) 4-1 Emil Savland Røyseth God dommer: Svein Arne Nordheim Tambar sitt lag: Thomas Dobbe Personbråten August Claussen Thingnes Markus Hjelle Cirotzki Dawid Sokot Aleksander Fauske Helgås Mateusz Zurawel Martin Hukset Mathias Gamlestøl Sander Kibsgaard Nordheim Daniel Heggelund Emil Savland Røyseth Michael Johanssen David Lillehaug

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse