Gutelaget overbeviste mot Førde 2

Tambar møtte Førde 2 til kamp i Hafstadparken tirsdag kveld. Kampen skulle egentlig vore spelt forrige veke, men måtte utsettast då Tambar sine 10.klassingar var på klassetur. Tambar tok kjapt komandoen mot heimelaget og gjekk tidleg i leiing etter scoring av Emil Savland Røyseth. Tambargutane fann kvarandre godt ute på bana, og spela til tider god fotball og skapte fleire gode sjanser. 2-0 kom etter eit flott raid på høgrekanten der Thomas Dobbe Personbråten gjekk heile vegen til dødlinja, slo inn til Emil, som slår vidare til Sander Kibsgaard Nordheim som set ballen kontrollert bak Førdekeeperen. Kveldens mål står Emil for, då han set fart på venstrekanten og passerer to Førdespelarar og curler ballen forbi keeper og i nettet frå spiss vinkel. Han stopper ikkje med det, og set inn sitt tredje for kvelden då han legg på til 4-0 til Tambar midtvegs i omgangen. Førde får seg eit mål på tampen av omgangen, då misforståelser i Tambarforsvaret gjer at Tambarkeeper Markus Hjelle Cirotzki blir utspelt i den situasjonen og ballen havnar over målstreken. Førde 2 avslutta fyrste omgang best, og starta med størst trøkk i andre omgang. Laget kom til nokre sjanser, men utan at dei lukkast å overliste Thomas i Tambarmålet (som no hadde bytta med Markus). Tambar jobba seg sakte men sikkert inn att i kampen, og kunne etterkvart protkollføre endå eit mål. Denne gongen var det midtstopper August Claussen Thingnes som auka leiinga til Tambar til 5-1, då han på ei flott hedding frå corner plasserte ballen kontant i mål. Tambar viste i denne omgangen mykje godt spel, der ballen gjekk kjapt og med gode bevegelser, spela dei ut forsvaret til Førde gang på gang. Utruleg var det at ikkje laget scora på nokon av dei store sjansane dei kom til, der flaksen redda Førdelaget ved fleire høve. Tambar sitt siste mål for kvelden kom også på corner, då Aleksander Fauske Helgås fekk sett hovudet på ballen og fastsette resultatet til 6-1. Fleire foreldre hadde teke turen til Hafstadparken for å sjå dei gode Tambargutane i aksjon, og var samstemte på at laget fortset den gode utviklinga. Sist laget møtte Førde 2, enda kampen 2-2. G15/16 2.divisjon Førde 2-Tambar 1-6 (1-4) 0-1 Emil Savland Røyseth 0-2 Sander Kibsgaard Nordheim 0-3 Emil Savland Røyseth 0-4 Emil Savland Røyseth 1-4 Førde 3 1-5 August Claussen Thingnes 1-6 Aleksander Fauske Helgås Tambar sitt lag: Markus Hjelle Cirotzki Thomas Dobbe Personbråten August Claussen Thingnes Dawid Sokot Aleksander Fauske Helgås Mateusz Zurawel Martin Hukset Mathias Gamlestøl Jesper Tomassen Sander Kibsgaard Nordheim Daniel Heggelund Emil Savland Røyseth David Lillehaug

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse