Gutelaget tapte mot Gaular

Det var litt bedre motstand for Tambar sitt gutelag i torsdagens kamp mot Gaular, enn det laget hadde i Førde då laget vann 11-0 forrige veke.
Gaular viste seg å være eit bra lag, og kunne til slutt gå av Naustdal stadion med seier og tre poeng.

Men det var Tambar som kom best i gang, og etter kvarteret spelt skaffa Emil laget straffe. På eit av sine klassiske raid, vart han felt av ein Gaularspelar inne i boksen, og dommer Svein Nordheim peika på straffemerket. Aleksander plasserte ballen kontrollert til venstre for keeper, og Tambar leder 1-0.
Utover i første omgang får vi sjå ein jamnspelt kamp, der begge laga speler seg fram til gode målsjanser. Men det er berre gjestane som får uttelling då dei utligner til 1-1 på tampen av omgangen. 1-1 vert også resultat då laga går til pause.

Starten av andre omgang vert ein heller kjedeleg affere, der mykje av spelet foregår på midtbana med lite sjanser til begge lag. Midtveg i omgangen kjem derimot måla tett, men dessverre for heimepublikummet, er det gjestane frå Gaular som scorer fire kjappe i løpet av eit kvarter og avgjer meir eller mindre kampen i denne perioden.
Emil pynter litt på resultatet då han dreg seg igjennom på venstrekanten minuttet før slutt, og scorer frå spiss vinkel og fastset resultatet til 2-5.

Dermed måtte trener Kristoffer Hundershagen innsjå at det vart tap i sin fyrste kamp etter at han tok over treneransvaret for laget i haust. Men kjenner vi laget rett, vil dei ta revansje for kveldens tap allerede i den neste kampen, som er borte mot Førde 2.

G15/16 2.divisjon
Tambar-Gaular 2-5 (1-1)
1-0 Aleksander Fauske Helgås, str. (14.min)
1-1 Gaular (37.min)
1-2 Gaular (63.min)
1-3 Gaular (67.min)
1-4 Gaular (71.min)
1-5 Gaular (76.min)
2-5 Emil Savland Røyseth (78.min)

God dommer: Svein Nordheim

Bilder frå kampen: BILDER 

Tambar sitt lag:
Markus Hjelle Cirotzki
August Claussen Thingnes
Dawid Sokot
Aleksander Fauske Helgås
Mateusz Zurawel
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
Jesper Tomassen
Sander Kibsgaard Nordheim
Daniel Heggelund
Emil Savland Røyseth
Michael Johanssen
David Lillehaug
Thomas Dobbe Personbråten


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse