Gutelaget laga målfest mot Førde 3

Bilde

Nok eit Tambarlag fekk ein pangstart på haustsesongen i kveld, då gutelaget spela bortekamp mot Førde 3.
Tambargutane viste ingen nåde mot naboane i aust, og tok leiinga allerede etter 5-6 minutter spel. Og dette skulle bli starten på ein målfest, og Tambar sin største seier for sesongen.
Laget spela til tider flott fotball, og spelet i forkant av lagets mange store sjanser, var teken rett ut frå fotballens ABC lærebok. Laget kunne gå til pause med ein konfortabel 5-0 leiing.

Tambar fortsatte med finspelet også i andre omgang, og sette inn heile seks mål i denne omgangen, og kunne gå av bana med heile 11-0.

Emil scora ikkje mindre enn 6 mål i kampen, og hadde i tillegg to assist. Dei andre måla til Tambar vart scora av Martin(2), Jesper, David og Sander.

Svein Arne Nordheim vikarierte som trener og lagleiar i denne kampen, og ein kan vel sei at han lukkasy bra med taktikken. Med 3-5-2 viste Tambar god offensiv styrke, der Emil i rolla som spiss gav uttelling etter berre få minutter spel.

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/G1516FRde3Tambar200815

2.divisjon
FØRDE 3-TAMBAR 0-11 (0-5)
0-1 Emil Savland Røyseth
0-2 Emil Savland Røyseth
0-3 Emil Savland Røyseth
0-4 Martin Hukset
0-5 Martin Hukset
0-6 David Lillehaug
0-7 Emil Savland Røyseth
0-8 Emil Savland Røyseth
0-9 Emil Savland Røyseth
0-10 Jesper Tomassen
0-11 Sander Kibsgaard Nordheim

Troppen:
Markus Hjelle Cirotzki
August Claussen Thingnes
Dawid Sokot
Mateusz Zurawel
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
Jesper Tomassen
Sander Kibsgaard Nordheim
Daniel Heggelund
Emil Savland Røyseth
Michael Johanssen
David Lillehaug
Thomas Dobbe Personbråten

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse