Sondre gir seg, Kristoffer ny trener for gutelaget

Bilde

Trener for Tambar Fotball sitt gutelag, Sondre Herstad, slutta som trener for laget etter endt vårsesong. Dette var også planen då han takka ja til trenarjobben i vinter, då studier i hovudstaden ikkje kan kombinerast med trenerjobb i Naustdal i haust.

Gutelaget enda på ein 4.plass etter ferdig spelt vårsesong, av i alt 10 lag. Laget hadde Jølster, Høyang og Førde 2 føre seg på tabellen, etter 5 seierer, ein uavgjort og 3 tap.

Sondre avslutta trenargjerninga med Sør Cup i Kristiansand i sommer, der laget hadde ei flott veke og spelte seg fram til kvartfinalen i A-sluttspelet.

Ny trener for laget er Kristoffer Hundershagen. Kristoffer, har som Sondre, trødd sine barnefotballsko på både grus- og kunstgrasbana i Naustdal. Dei siste åra har Kristoffer brukt på studier i utlandet, og har også holdt fotballtreninga ved like. Han er også i Tambar sin a-lagsstall i 4.divisjon, og hadde sin fyrste samling med gutelaget sist mandag.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse