Det vart stopp i kvartfinalen for gutelaget

Det var «vinn eller forsvinn» for Tambar sitt gutelag då laget møtte Randesund i kvartfinalen i a-sluttspelet i Sør Cup fredag. Dessverre for Tambargutane vart det «forsvinn», då laget tapte for det lokale laget med siffera 0-3.

Randesund var eit godt gutelag og hadde jamt over spelarar i -99 klassen, der både fysikk og ballkontroll var stikkordet. Tambar spela på ingen måte ein dårlig kamp, faktisk spela Tambargutane jamt med dei i store perioder av kampen, og spelte antagelig sin beste kamp i denne cupen.

Men i fotballkamper er det måla som tel, og her var det Randesund som var mest effektive inne i boksen. Med litt dårlige avklaringar og uheldige situasjoner frå Tambarspelarar, utnytta motstandarane dette effektivt, og sette inn tre avgjerande mål.

Tambar på si side, hadde også fleire muligheiter til å score i denne kvartfinalen. Blant anna smelte Rodney eit knallhardt skot i tverrliggar og Jesper skaut like over mål då han var heilt igjennom og forbi forsvarte til heimelaget.

Sjølv om Tambar forsvant ut etter kvartfinalekampen, kan gutane være nøgde med innsatsen sin i denne cupen. Laget har møtt gode lag og kom seg vidare til a-sluttspelet som var målet. Tambar sin motstander i kvartfinalen, Randesund, spelar finale mot Stadthelle i Sør Cup på søndag, og vi vert ikkje overraska om dei går heilt til topps.

Både spelarar og voksne har vore godt nøgde med opphaldet i Kristiansand, der både det sportslege og den sosiale biten har vorte pleia godt. Fredag kveld var alle samla til middag på by`n, der trenar Sondre vart takka for trenerjobben han har hatt med gutane denne sesongen.

* BILDER frå gutelaget sine kampar i Sør Cup kjem etterkvart.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse