Fine dager på Sør Cup for spelarar og foreldre

Tambar sitt gutelag har flotte dager på det blide Sørlandet, der både det sportslige og sosiale har vore heilt på topp.
På turen til Kristiansand og Sør Cup har heile elleve foreldre teke turen for å heie på laget, og i tillegg er fleire småsøsken også på plass.

Gutelaget har ein tropp på femten spelarar, og er mykje likt laget som har spelt i serien heime i vår. Men nokre fråfall vart det til denne cupen, og Tambar måtte med det ut og låne nokre spelarar for å få ein stor nok tropp til Sørlandsopphaldet.

Marius Vilnes Gjervik, tidligare Naustedøl og no spelar for AHIL, takk ja til å være med Tambar til denne cupen. I tillegg har laget lånt Elias Rognebakke, Naustedøl og no Førdespelar, og Rodney Savland Lending er henta opp frå smågutelaget.

TROPPEN:
Bilde bak frå venstre:
Sondre Herstad (trener), Samson Vonen, Aleksander Fauske Helgås, Emil Savland Røyseth, Martin Hukset, Jesper Tomassen, Elias Rognebakke, Rodney Savland Lending, August Claussen Thingnes

Framme frå venstre:
David Lillehaug, Daniel Heggelund, Jakob Helgheim, Thomas Dobbe Personbråten, Markus Hjelle Cirotzki, Marius Vilnes Gjervik, Sander Kibsgaard Nordheim. (Lagleiar er Alexis Thingnes)

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse