Gutelaget med seier og vidare til a-sluttspel i Sør Cup

Tambar vann sin siste kamp i puljespelet i Sør Cup torsdag kveld, og er med det klar for a-sluttspelet i dag.
Spelarane til trener Sondre Herstad hadde grei kontroll på eit ikkje altfor godt Våg 2-lag, og scora alle tre måla sine før pause. I tillegg hadde laget fleire store sjanser til å auke leiinga, og var nærare både fire og fem mål enn Våg 2 var redusering.

Tambar sine mål kom etter godt spel og fin fotball, der Emil sette inn dei to fyrste. Den tredje scoringa kom på straffespark frå Aleksander. Han vart felt på veg gjennom Våg 2-forsvaret, og sette sjølv ballen sikkert til side for keeper.

Tambar er med det vidare i det gjevaste sluttspelet, a-sluttspel, og møter her Randesund 1. Dette laget var heilt suverene i si pulje i gruppespelet, og vann alle sine kampar og hadde ein målskilnad på 15-0.
Tambar enda på andreplass i si pulje med seks poeng og 4-4 i målskilnad.

Sjølv om Tambar heilt sikkert vil møte eit godt lag i denne kvartfinalen, er vi sikre på at Tambar vil bite godt ifrå seg og gir alt for å sikre seg ein semifinaleplass.

Kvartfinalekampen starter kl.14.20 og går på stadion Tambar har vunne sine to kampar tidligare, Kongsgård stadion.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse