Sør Cup: Jerv vart for sterke for gutelaget

Tambar fekk ein dårlig start på kampen mot Jerv i den andre kampen i Sør Cup i dag. Om det var den mektige Sør Arena som gjorde gutane ukonsentrerte, eller om det var kampen tidligare i dag som fortsatt sat i føttene på spelarane, skal være usagt. Men motstander Jerv var på høgget allerede frå start, og sette inn 1-0 etter berre få minutter.

Jerv var eit brukbart lag, og Tambar kom ikkje heilt inn i kampen etter kalddusjen i åpningsminutta. Sjølv om Tambar yppa seg ved eit par tilfelle i fyrste omgang, var motstandarane eit hakk kvassare. Med litt tur frå Jerv og noko ukonsentrert Tambarforsvar, måtte Tambargutane gå til pause med 0-3.

Andre omgang vart langt jamnare enn fyrste omgang, og Tambar hadde fleire muligheiter til å redusere, men måtte etterkvart sjå at ingen av spelarane makta å notere seg i målprotokollen i denne kampen. Med nok ei scoring til motstandarane, enda kampen med 0-4 tap.

No er det restituering for spelarane, og neste og siste kamp i gruppespelet går i morgon mot Våg 2 kl.18.30.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse