Tambar vann fyrste kamp i Sør Cup i dag

Tambar sitt gutelag fekk ein god start på sin deltaking i Sør Cup då laget slo Rena i den fyrste kampen i gruppespelet i dag.

Tambar var det klart beste laget i fyrste omgang, og skapte mange store målsjanser. At gutane ikkje får sett ballen i mål i denne omgangen, kan motstandarane frå Rena være svært glad for. For her kunne Tambar fort ha leda både med eit og fleire mål.

I andre omgang vart Rena meir farlige, og spesiellt på kontringane sine, vart dei farlig. Blant anna redda Markus på streken i ein situasjon.
Men Tambar var det beste laget også i denne omgangen, men fekk det litt vanskeleg då David vart utvist og dei måtte spele med 10 mann på slutten av kampen.

Det fortente målet til Tambar kom fem minutter før slutt. Tambar vart tildelt frispark på høgrekanten frå om lag 40 meter. Samson la ein perfekt ball inn i feltet som Elias nikka i krysset bak ein utspelt Renakeeper. (Sjå bilde)

Neste kamp er kl.16.10 i dag. Då møter Tambar Jerv på Sør Arena.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse