Gutelaget med ufortent tap mot Jølster

Tambar sitt gutelag vart torsdag kveld «rana» for tre poeng då dei møtte Jølster til kamp på Naustadl stadion.
Jølster, som har vunne alle sine kampar så langt i serien, var eit bra lag. Men denne torsdagskvelden var det Tambargutane som hadde regien, og som var klart bedre enn gutane frå Jølster. Men i fotball blir det ikkje delt ut stilpoeng, her er det måla som tel. Og denne kvelden var det berre Jølstringane som klarte å sette ballen i målnota.

Seriekamp G15/16 2.div avd.2

TAMBAR-JØLSTER 0-1 (0-1)
0-1 Ein Jølstergut

God dommer: Espen Langedal

Tambar sine spelarar i kveld:
Thomas Dobbe Personbråten
Markus Hjelle Cirotzki
August Claussen Thingnes
Martin Hukset
Dawid Sokot
Mathias Gamlestøl
David Lillehaug
Jakob Helgheim
Aleksander Fauske Helgås
Emil Savland Røyseth
Mateusz Zurawel
Jesper Tomassen
Sander Kibsgaard Nordheim
Daniel Heggelund
Michael Johanssen

Tambar tok kjapt komandoene i kampen, og styrte eigentleg som dei ville gjennom heile første omgang. Laget spela til tider ut gjestane frå Jølster og skapte mykje framover på bane. Det er nesten utrulig at laget ikkje klarer å score på dei mange sjansane sine, der vi tel fleire såkalla 100% sjanser.

Det mest effektive laget på bana denne kvelden var utvilsomt Jølster. På sin einaste målsjanse, om lag midtvegs i første omgang, scorer laget og tek leiinga med 1-0.
Litt dårilg markeringar frå Tambarforsvaret i denne situasjonen, som tydeleg var meir opptekne av det massive presset laget hadde for å score i andre enden.

I andre omgang fortset Tambar det gode spelet, og skaper også i denne omgangen mange store målsjanser. Men dette var heilt tydeleg ikkje dagen til Tambarlaget når det gjaldt å sette sjansane sine, og vi kan godt skjønne frustrasjonen blant spelarane utover i andre omgang.

Dei siste 10-15 minuttane pressa laget på for å få eit fortent mål eller to, og Jølster hadde si fulle hyre med å stå imot. Jølster klarte å holde unna, og Tambargutane måtte til slutt innsjå at gjestane kunne reise heim til Jølster med ein svært heldig og ufortent seier.
At nokon kalla dette eit ran, skjønner vi veldig godt ……….

Aleksander Fauske Helgås vart kåra til Tambar sin beste speler i denne kampen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse