Gutelaget tapte borte mot Høyang

Tambar sitt gutelag spela søndag bortekamp mot Høyang, ein kamp som egentlig skulle gå torsdag 18.juni.

Høyang er eit av dei bedre laga Tambar har møtt denne sesongen, og det skulle vise seg at det vart vanskeleg å hente heim poeng frå industibygda ved Sognefjorden.

Seriekamp G15/16 2.div avd.2

HØYANG-TAMBAR 0-4 (0-1)

Tambar sine spelarar i kveld:
Thomas Dobbe Personbråten
Markus Hjelle Cirotzki
August Claussen Thingnes
Dawid Sokot
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
David Lillehaug
Jakob Helgheim
Emil Savland Røyseth
Jesper Tomassen
Daniel Heggelund
Michael Johanssen
Sander Smådal

Sjå BILDER frå kampen: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/G1516HYangTambar070615

I ein jamnspela fyrste omgang, er det heimelaget som kan gå til pause med ein 1-0 leiing. Målet til Høyang kjem på eit frispark frå kanten av sekstenmeteren, eit flott mål som keeper Thomas ikkje hadde muligheit å gjere noko med. Om heimelaget skulle hatt dette frisparket på ein hands frå forsvarer Markus, var det mange som var ueinge om, då han fekk skikkeleg dytt før dommaren dømmer for hands.

Tambar skapte ein del framover i omgangen, og skaper ein del sjanser i boksen til Høyang. Men den siste finishen blir for upresis til at laget får nettkjenning.

Andre omgang startar med scoring til Høyang berre sekunder etter avspark, då heimelaget sin spiss får hedde ballen over ein utrusande Tambarkeeper. Her sov nok forsvaret litt.
Utover omgangen skal det vise seg at Høyanglaget er svært så effektive, og scorer ytterliggare to mål, og sender med det Tambar heim med 0-4 tap.

Kampen mot Høyang var relativ jamnspelt, men Høyang var hakket bedre enn Tambargutane. Gutane vart ofte på etterskot av eit godt bevegleg heimelag og vart for forsiktige i duellane med gutane frå Sogn. Berre i perioder fekk vi sjå spel vi veit laget kan, og som vi har sett i tidligare kampar.

Tambar hadde fråfall av fire spelarar til denne kampen, og hadde fått med Sander og Michael frå smågutelaget. Desse gutane kom inn i andre omgang, og viste at dei held godt nivået som gutespelarar.
Midtbanespelar Emil Savland Røyseth vart kåra til dagens Tambarspelar, med forsvarer Markus Hjelle Cirotzki hakk i hel.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse