Gutelaget med storseier mot Førde 4

Tambar hadde full kontroll på kveldens kamp mot Førde 4 på Naustdal stadion i kveld, og vann kampen med konfortable 8-0. Tambar misbrukte mange store målsjanser mot Førdegutane, og burde ha sett inn mange fleire mål.

Tittelen som dagens Tambarspelar får Aleksander Fauske Helgås (bilde), tett fulgt av smågutespeler Michael Johanssen som debuterte på gutelaget med ein veldig god omgang.

Seriekamp G15/16 2.div avd.2

TAMBAR-FØRDE4 8-0 (1-0)
1-0 Aleksander Fauske Helgås
2-0 Aleksander Fauske Helgås
3-0 Michael Johanssen (Aleksander F. Helgås)
4-0 Sander Kibsgaard Nordheim (Emil Røyseth)
5-0 Emil Savland Røyseth (Michael Johanssen)
6-0 Aleksander Fauske Helgås, str. (Samson Vonen)
7-0 Daniel Heggelund (Michael Johanssen)
8-0 Emil Savland Røyseth (Daniel Heggelund)

Dommer: Svein Arne Nordheim

Tambar sin tropp:
Thomas Dobbe Personbråten
Markus Hjelle Cirotzki
August Claussen Thingnes
Dawid Sokot
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
David Lillehaug
Jakob Helgheim
Aleksander Fauske Helgås
Emil Savland Røyseth
Mateusz Zurawel
Jesper Tomassen
Sander Kibsgaard Nordheim
Daniel Heggelund
Michael Johanssen

Tambar hadde full kontroll på kveldens kamp frå fyrste spark på ballen, der det meste av spelet foregjekk på Førde 4 sin banehalvdel gjennom heile første omgang.
Men det skulle gå heile 20 minutter før den fyrste scoringa kom, der dagens tremålscorer sender laget i leiing med 1-0. Aleksander jobber seg fint gjennom Førdeforsvaret, vinn ein duell med Førdemålvakt og set ballen i nota.
Etter scoringa fortset Tambar presset mot Førdeforsvaret, og det er utrulig at ikkje noko av Tambargutane klarer å sette nokon av dei store sjansane laget har i omgangen. Med Aleksander sin eine scoring, går laga til pause med 1-0 til heimelaget.

I andre omgang får smågutespelar Michael Johanssen sin debut på gutelaget, noko som set fart i Tambarangrepet. Michael laga trøbbel i Førdeforsvaret kvar gong han får ballen og fosser fram på si venstre side. Guten har både fart og teknikk, og ro til å gjere dei rette valga. Ro og presisjon viser han også når han aukar Tambar si leiing til 3-0, der han fosserer forbi Førdeforsvaret og plasserer ballen kontrollert til sides for keeper.
Også dei andre Tambarspelarane «våkna» til liv i denne omgangen, der spelarane i perioder står i kø for å score. No talde vi ikkje alle dei store målsjansane laget hadde også i denne omgangen, til det kom dei for tett til at vi klarte å halde kontrollen på.
Men i motsetning til fyrste, vart utellinga betraktleg bedre enn i fyrste omgang, og Tambargutane kan gå av bana med ein grei 8-0 seier.

Laget vinn ein konfortabel seier mot eit Førdelag som ikkje kjem opp på nivået til Tambar, og det var berre eit spørsmål om kor stor seieren skulle bli. Thomas hadde ein svært rolig dag i Tambarmålet, og vart ikkje sett på prøve ein einaste gong i kampen.

Samtlige på Tambar gjorde ein flott figur i kveld, og stod på kampen igjennom. Dagens Tambarspelar meiner vi Aleksander Fauke Helgås skal ha. I tillegg til tre mål og ein assist, jobber han godt i sin rolle på midtbana, med viktige ballvinningar og presise pasninger.

I tillegg må også dagens debutant nemnast. Lille Michael Johanssen viste storspel då han kom inn i andre omgang og gjorde det travelt for Førdeforsvaret. Smågutespelaren kroner innsatsen sin med ei flott scoring og to assister.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse