Gutelaget med sesongens fyrste tap

Det vart sesongens første tap for Tambar sitt gutelag, då laget møtte Askvoll/Holmedal på bortebane torsdag kveld. Ved pause var stillinga 0-0, i ein jamnspela omgang. I andre omgang var nok vertane eit hakk bedre enn Tambar, og med sine to scoringar i denne omgangen, var det greit at seieren gjekk til Askvollgutane.

Tambar åpna friskast i kampen i Askvoll, og kom til tre store sjanser i løpet av det første kvarteret. Både utur og udyktigheit gjorde at laget ikkje fekk ei tidlig leiing.
Etterkvart jamna kampen seg ut, og heimelaget kom til målsjanser som også var store nok til å gi nettkjenning. Men ingen av laga fekk ballen i nota i denne omgangen, og laga gjekk til pause med 0-0.

Tambar åpna også andre omgang friskt, og hadde tydelegvis ynskje om ei tidlig scoring, men det ville seg ikkje for Tambarlaget i kveld.
Tambar møtte eit bra lag frå Askvoll/Holmedal i kveld, og etterkvart tok heimelaget meir styringa av kampen.
Heimelaget gjekk opp i 1-0 leiing halvvegs ut i omgangen, då eit Askvoll/Holmedal-skot gjekk via ein Tambarforsvarer og i mål, der Tambarkeeper vart utspelt og sjanselaus til å kunne redde den.
Ti minutter etter baklengsmålet, får heimelaget tildelt staffe etter at ein Tambarforsvarer feller ein Askvoll/Holmedalspeler innafor sektenmeteren.

Med 0-2 jakta Tambar redusering dei siste minutta, og var nære på då keeper må ut i full strekk og får redda på strek like før slutt.

Dermed er sesongens første tap eit faktum for Tambargutane, i ein kamp der lite stemte. Laget viste berre i perioder godt spel, og var ikkje på høgde med det vi ha sett av laget i kampane tidligare i sesongen.

Dagens Tambarspelar vart denne gongen August Thingnes (bilde), som ruva god i Tambar sitt forsvar og hadde mange gode og viktige involveringer i kveldens kamp.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse