Jesper redda eit poeng då gutelaget spela uavgjort mot Førde 2

Tambar unngjekk årets første tap, då Jesper sette inn utligningsmålet til Tambar to minutter på overtid. Dermed står gutelaget utan tap i årets serie, etter at laget spela 1-1 i ein kamp der Tambargutane dominerte store deler av kampen mot Førde 2.

Seriekamp G15/16 2.div avd.2

TAMBAR-FØRDE2 1-1 (0-0)
0-1 Førde 2
1-1 Jesper Tomassen

Dommer: Bjørn Hundershagen

Tambar sin tropp:
Thomas Dobbe Personbråten
Markus Hjelle Cirotzki
August Claussen Thingnes
Dawid Sokot
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
David Lillehaug
Jakob Helgheim
Aleksander Fauske Helgås
Emil Savland Røyseh
Mateusz Zurawel
Jesper Tomassen
Sander Kibsgaard Nordheim
Daniel Heggelund

Etter tre seierer av tre mulige i årets sesong, var Tambar sitt gutelag klar til å ta i mot Førde 2 til kamp på Naustdal stadion i kveld. Kveldens motstander møtte Tambar også i treningskamp før sesongstart, der Førdelaget vann 3-0.

I kveldens kamp var det gutane frå Tambar som tok styring frå første ballspark. Heile første omgang var heimelaget det førande laget, og spela seg fram til fleire gode målsjanser, utan og lykkast når ballen skulle settast i nota.
I tillegg ville Tambar ha straffe då Emil gjekk i bakken i kamp om ballen med ein Førdespelar, men dette var ikkje dagens dommer, Bjørn Hundershagen, einig i.

I andre omgang lot Tambar gjestane få kome litt meir inn i kampen, men utan at Førde 2 klarte å skape nokon farligheiter framfor Tambarkeeper Thomas.
Meir farlig vart det då Førde 2 får frispark som blir lagt inn framfor Tambarmålet. Etter litt klabb og babb får gjestane pirka ballen i mål.
Tambar har no dårlig tid om laget skal klare å unngå årets første tap, då berre minutter er att av kampen. Laget satser no alt framover, og Førdegutane har meir enn nok med å forsvare seg.
Når dommer signaliserer at berre tre minutter gjenstår av kampen, er det nok fleire som forbreder seg på at Tambar må gå av bana utan både mål og poeng.
Men berre minuttet før kampslutt kjem scoringa til Tambar, då Jesper er på rett plass etter eit innlegg inn i boksen, og han klinkar ballen bak Førdekeeperen og i nettet. Dermed ender kampen 1-1 og uavgjort.

Oppsummering:
Tambar hadde full kontroll i dagens kamp, der dei særlig i fyrste omgang viste mykje bra ute på kunstgraset. I denne omgangen føregjekk det meste av spelet på Førde 2 sin banehalvdel, og berre utur gjorde at laget ikkje klarte å sette nokon av dei mange sjansane sine.
Sjølv om Tambar lot gjestane frå Førde kome litt meir med i kampen i andre omgang, rydda Tambarforsvaret godt opp. Verken i denne omgangen eller i omgangen før, registrerte vi ikkje ein einaste målsjanse til Førde 2. Difor var det litt surt for laget at dei kom under i denne omgangen. Og det hadde vore eit ran frå Førde 2 si side om resultatet hadde blitt ståande ved kampslutt.
Men heldigvis kom den velfortente scoringa til Tambar heilt på slutten av omgangen. Laget hadde faktisk muligheit å avgjere kampen i sitt siste angrep, men dessverre kom ein Førdeforsvarer i vegen for Sander i aller sist øyeblikk.
Til tross for poengtap i kveld, var trenar Sondre Herstad nøgd med mykje av det gutane viste i kampen. Laget spelar mykje bra fotball, der alle spelarar i alle lagdeler legg ned ein formidabel innsats.
Daniel Heggelund vart kåra til Tambar sin beste spelar, etter solid jobbing og kloke valg i kveldens kamp.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse