Tredje strake seier for gutelaget

Tambar sitt gutelag tok sin tredje seier av tre mulige, då dei i kveld vann 2-1 over Gaular på Naustdal stadion.

Seriekamp G15/16 2.div avd.2

TAMBAR-GAULAR 2-1 (1-0)
1-0 Jesper Tomassen
1-1 Gaular
2-1 David Lillehaug

Dommer: Bjørn Hundershagen

Tambar sin tropp:
Thomas Dobbe Personbråten
Markus Hjelle Cirotzki
Samson Vonen
August Claussen Thingnes
Dawid Sokot
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
David Lillehaug
Jakob Helgheim
Aleksander Fauske Helgås
Emil Savland Røyseh
Mateusz Zurawel
Jesper Tomassen
Sander Kibsgaard Nordheim
Daniel Heggelund

I ein jamnspelt og til tider fartsfylt 1.omgang var det Tambar som kom til dei beste målsjansane og var hakket kvassare enn gjestane utover omgangen. Vi tykkjer laget heva seg fleire hakk spelemessig frå dei to tidligare kampane dei har spelt i vår, og spelarane er blitt mykje tøffare i ballvinning og dueller.
Ikkje var det ufortent då laget gjekk opp til 1-0 midtvegs i omgangen, då ein hardtjobbande Jesper vann ein duell med Gaularkeeper og sette ballen i nota.
I tillegg til målet, hadde Tambar fleire sjanser til å auke leiinga i første omgang. Blant anna hadde August eit frispark frå om lag tretti meter der ballen klinka i tverrliggar.

I andre omgang fekk gjestane frå Gaular ein pangåpning, då dei utligna til 1-1 etter berre tre minutter spel.
Tambar lot seg ikkje affisere av den tidlige scoringa imot, og fortsette den gode jobbinga frå fyrste omgang. Dette gav etterkvart resultat, då David kunne score etter eit presist innlegg frå venstre, og Tambar var med det i leiinga på ny. 2-1 vart også sluttresultatet, då verken Tambar eller Gaular makta å score fleire mål i omgangen.

Heller ikkje i dag var det lett å plukke ut heimelaget sin beste spelar, men dagens Tambarspelar vart i kveld forsvarar Samson Vonen, som stod fram i kveldens kamp som rimeleg solid og sikker.

Dermed har trenar Sonde Herstad og laget hans fått topp start på sesongen med tre seierer av tre mulige.

God dommer var Bjørn Hundershagen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse