Ny seier til gutelaget - vann mot Florø 2 i kveld

Tambar sitt gutelag tok sin andre seier for sesongen då dei vann 2-1 mot Florø 2 på bortebane torsdag kveld. Dermed har trenar Sondre Herstad og gutane hans fått ein flott start på sesongen, og står med full pott etter dei to fyrste kampane.

Seriekamp G15/16 2.div avd.2

FLORØ 3-TAMBAR 1-2 (1-1)
1-0 Emil Savland Røyseth
1-1 Florø 3
1-2 Jesper Tomassen

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/G1516Flor2Tambar230415

Tambar sin tropp:
Thomas Dobbe Personbråten
Markus Hjelle Cirotzki
Samson Vonen
August Claussen Thingnes
Dawid Sokot
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
David Lillehaug
Jakob Helgheim
Aleksander Fauske Helgås
Emil Savland Røyseh
Mateusz Zurawel
Jesper Tomassen
Sander Kibsgaard Nordheim
Daniel Heggelund

Det var ein jamnspela fyrste omgang vi fekk sjå, mellom Florø 2 og Tambar i kystbyen i kveld. Mykje av spelet føregjekk mellom sekstenmeteren til dei to laga, der verken heimelaget eller Tambar kom til all verden mange sjanser.

Dei største sjansane var det Tambar som stod for, blant anna der Jesper berre hadde keeper igjen før han kunne sette ballen i tom kasse. Dessverre for han og Tambar lot ikkje Florøkeeperen seg lure, og fekk nevane på ballen i siste øyeblikk.
Bedre gjekk det då Emil tok ansvar og runda opptil fleire forsvararar, og sette ballen kontrollert til høgre for ein sjanselaus heimekeeper.
Tambar holdt 1-0 leiinga til det gjenstod få minutter av fyrste omgang. Etter ein corner sette Florø 3 ballen i mål, og laga var like langt.

I andre omgang var det heimelaget som åpna friskast, som kom til nokre halvsjanser. Den største hadde dei då ein Florøspelar fekk kome åleine mot Tambarkeeper Thomas. Men med solid keeperspel og flott beinparade, stod det fortsatt 1-1 i målprotokollen.
Tambargutane kom bedre med utover i omgangen, og gjorde det stadig surt for forsvaret til Florøgutane. Og ikkje var det ufortent då Jesper sette inn 2-1 målet fem minutter før slutt. Ein flott pasning frå Markus i bakrom, tok Jesper godt vare på. Iskaldt og rolig plasserte han ballen til sides for keeper og i nota.

Tambargutane viste på ny mykje bra spel og god innsats, og står med full pott etter dei to fyrste kampane. Fleire av spelarane hadde i dag fortent å bli dagens Tambarspelar, men i dag var det Jesper Tomassen som fekk den tittelen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse