Gutelaget med full pott i årets første seriekamp

Gutelaget starta årets seriespel med tre mål og tre poeng etter kveldens seier mot Førde 3 på Naustdal stadion i kveld. Seieren til Tambar var full fortent, og trenar Sondre Herstad kan glede seg over mykje bra spel av gutane, særlig i andre omgang.

G15/16 2.div avd. 2

TAMBAR-FØRDE3 3-0 (1-0)
1-0 Mathias Gamlestøl
2-0 David Lillehaug
3-0 Jesper Tomassen

Dommer: Svein Nordheim

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/G1516TambarFRde3140415

Tambar sin tropp:
Thomas Dobbe Personbråten
Markus Hjelle Cirotzki
Samson Vonen
August Claussen Thingnes
Dawid Sokot
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
David Lillehaug
Jakob Helgheim
Aleksander Fauske Helgås
Emil Savland Røyseh
Jesper Tomassen
Sander Kibsgaard Nordheim
Daniel Heggelund

Tambar tok fort tak i kampen og var det førande laget gjennom den første omgangen, og laget hadde mange muligheiter til å ta leiinga. Men laget sitt første mål kom først etter om lag 25 minutters spel, då Mathias fekk skikkeleg treff på ballen frå om lag på sekstenmeterstreken. Ballen fekk ein fin boge over Førdekeeperen, som sjanselaus måtte sjå ballen gå i nettet bak seg.
Om Tambar var det førande laget i første omgang, tok Tambargutane heilt over i andre omgang. No var gutane frå Førde 3 frampå ved eit par høve i løpet av omgangen, men stort sett var det heimelaget som bestemte ute på kunstgraset.

Gutane fekk vist seg fram med mykje bra spel i denne omgangen, og kom til mange store målsjanser. At laget «berre» scora to mål i denne omgangen, kan Førdelaget takke ein god keeper som redda dei for eit større tap.
I andre omgang sendte først David Tambar opp til 2-0, før Jesper sette spikaren i kista med laget tredje og siste scoring.
Kampens Tambarspelar var Mathias Gamlestøl. I tillegg til det flotte målet som sendte Tambar opp i 1-0, var han kreativ og god, og gjorde fornuftige valg gjennom heile kampen.

Svein Nordheim hadde bra kontroll som dommer i kveldens kamp.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse