Gutelaget spela jamt i treningskamp mot Sandane i dag

Tambar Fotball sitt gutelag spela søndag sin siste treningskamp, før sesongen startar for alvor på tysdag. Laget hadde teke turen til Sandane denne søndagen, og møtte eit bra Sandanelag på den nye og flotte kunstgrasmatta.

Tambar var bra med på notane i starten av kampen, men heimelaget tok etterkvart meir over ute på bana. Tambargutane vart etterkvart på etterskot i taklingane, og virka ukonsentrert i mykje av det dei gjorde. Det var difor ikkje ufortent at gutane frå Sandane gjekk til pause med ei 2-0 leiing.

Andre omgang vart mykje meir positiv, sett med Tambar-auge. Gutane heva seg mange hakk frå fyrste omgang, og viste meir vilje til både gode bevegelser og å ville vinne duellane mot fysisk sterke Sandanegutar.

Halvvegs i omgangen utligna Tambar, etter at Jesper kjempa om ballen med Sandanekeeper, ein duell som gjekk i Tambarspelar sin favør. Dermed kunne han til slutt sette ballen i nota på blank kasse.

Etter scoringa kom Tambar til fleire sjanser, og kunne fort ha sett utligningmålet med litt meir dyktigheit. Laget viste i det siste kvarteret mykje bra fotball, noko som lover bra inn mot seriestart mot Førde 3 på heimebane allerede på tirsdag.

Treningskamp
SANDANE-TAMBAR 2-1 (2-0)
1-0 Sandane
2-0 Sandane
2-1 Jesper Tomassen

SJÅ BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/G1516SandaneTambar120415

Tambar sin tropp:
Thomas Dobbe Personbråten
Markus Hjelle Cirotzki
Samson Vonen
August Claussen Thingnes
Dawid Sokot
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
David Lillehaug
Jakob Helgheim
Aleksander Fauske Helgås
Emil Savland Røyseh
Jesper Tomassen
Sander Kibsgaard Nordheim

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse