Emil med hattrick då gutelaget slo Førde 3

Emil (midt på bilde) har nettopp sendt Tambar opp til 3-0.

Tambar Fotball sitt gutelag møtte onsdag kveld Førde 3 til treningskamp på Naustdal stadion. Dette var Tambar sin tredje treningskamp denne våren, og laget fekk her sin fyrste seier etter at det har vorte tap i dei to forrige kampane.

Tambar var fleire hakk bedre enn laget frå Førde i denne kampen, og vann kampen heilt fortent 5-0. Tambargutane fekk vist mykje bra spel, og var i tillegg fysisk overlegne gutane på Førde 3.

Dagens Tambarspelar vart Emil Savland Røyseth, som laga hattrick i fyrste omgang, etter at han scora Tambar sine tre fyrste mål. I tillegg hadde han assist på mål nummer fire, der Aleksander Fauske Helgås sendte ballen i nota etter eit velplassert skot.
Thomas Dobbe Personbråten, som vokta målet til Tambar i fyrste omgang, kom inn som spiss då sju minuttar gjenstod av kampen. Med si fyrste berøring på ballen, hedda han ballen i mål etter corner, og fastsette resultatet til 5-0.

Fyrstkomande søndag speler Tambar treningskamp borte mot Sandane, før fyrste seriekamp går av stabelen neste torsdag. Då kjem Førde 3 på besøk til Naustdal stadion, og då skal det kjempast om årets første poeng.

Treningskamp:
TAMBAR-FØRDE3 5-0 (3-0)
1-0 Emil Savland Røyseth
2-0 Emil Savland Røyseth
3-0 Emil Savland Røyseth
4-0 Aleksander Fauske Helgås
5-0 Thomas Dobbe Personbråten

God dommer var Svein Nordheim.

Tambar sin tropp:
Thomas Dobbe Personbråten
Markus Hjelle Cirotzki
Samson Vonen
August Claussen Thingnes
Dawid Sokot
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl
David Lillehaug
Daniel Heggelund
Aleksander Fauske Helgås
Emil Savland Røyseh
Jesper Tomassen
Sander Kibsgaard Nordheim
Freddy Sootla

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse