Mykje bra trass tap i årets første treningskamp for gutelaget

Tambar sitt gutelag G15/16 skal denne sesongen spele 11er fotball i serien, og laget spela i kveld sin fyrste treningskamp for året. Laget til trenar Sondre Herstad tok imot Førde 3 på Naustdal stadion, og det vart ein jamnspela kamp, der gjestane frå Førde var dei mest effektive.

Kveldens kamp var den fyrste 11er kampen for mange av Tambargutane, som alikevel viste i perioder bra takter og fint spel.
Fyrste omgang vart svært sjansefattig, og Førde 3 scora faktisk på sitt einaste skot på mål. Heller ikkje Tambar kom til dei store sjansane i denne omgangen, men var frampå ved nokre høve med «nestensjanser».

I andre omgang var Førde 3 frampå og putta ytterligare to baller i nota, og kunne gå av bana ved kampslutt med 3-0 seier.

Trenar Herstad seier etter kampen at han tykkjer gutane viser mykje bra, sjølv om det er noko å ta tak i. Men legg til at det skulle berre mangle i årets første treningskamp.

Dommer Svein Nordheim hadde full kontroll som dommer.

BILDE: (klikk på det for å få det større)

Bak frå venstre: David Lillehauge, Dawid Sokot, Jesper Tomassen, Aleksander Fauske Helgås, August Thingnes, Samson Vonen, Martin Hukset og Sondre Herstad (trener).

Framme frå venstre: Freddy Sootla, Jakob Helgheim, Markus Hjelle Cirotzki, Thomas Dobbe Personbråten, Mathias Gamlestøl, Sander Kibsgaard Nordheim og Daniel Heggelund. (Emil Savland Røyseth er også med på laget, men ikkje på bildet).

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse