Gutelaget vann mot tabelltopp Askvoll/Holmedal i dag

Tambar Fotball avslutta sesongen på bortebane i dag, og kunne returnere til Naustdal med tre poeng etter ein sterk seier mot tabelleinaren Askvoll/Holmedal.
Tambar påførte heimelaget sitt fyrste tap i serien i år, noko som smakte ekstra godt for Tambargutane og trener Geir Tomassen.

Gut 15/16
ASKVOLL/HOLMEDAL-TAMBAR 4-5 (1-2)
0-1 Jesper Tomassen
1-1 AHIL
1-2 Jesper Tomassen
2-2 AHIL
2-3 Martin Hukset
2-4 Jesper Tomassen
3-4 AHIL
4-4 AHIL
4-5 Jesper Tomassen

DESSE SPELA PÅ TAMBAR I DAG:
Markus Hjelle Cirotzki
Thomas Dobbe Personbråten
Martin Hukset
David Sokol
August Claussen Thingnes
Jakob Angvik Helgheim
Dan Joar Vårdal Høiås
Jesper Tomassen

Tambar Fotball avslutta sesongen på bortebane i dag, og kunne returnere til Naustdal med tre poeng etter ein sterk seier mot tabelleinaren Askvoll/Holmedal.
Tambar påførte heimelaget sitt fyrste tap i serien i år, noko som smakte ekstra godt for Tambargutane og trener Geir Tomassen.

Sjølv om Tambar hadde fleire fråfall til kampen i dag, viste ikkje dette ute på bana mot den suverene tabell-leiaren. Tambar var freidig nok å gå i føringa, då Jesper Tomassen var frampå og sendte Tambar opp i 1-0 leiing.
Til pause leda Tambar fortent 2-1.

Tambar forsette med flott spel og god jobbing også i andre omgang, og leda på det meste med to mål. Men heimelaget kom tilbake og gjorde det spennande på slutten av kampen, etter at dei utligna Tambar si 4-2 leiing til 4-4.

I motsetning til kampen som Tambar spela mot Hyllestad på fredag, då dei tapte heilt på tampen av kampen, var det Tambargutane som avgjorde på tampen av kampen i dag.
Berre minuttet før dommar bles av kampen, var Jesper Tomassen frampå og fekk sett inn det avgjerande målet for Tambar. Dette var Jesper si fjerde scoring i kampen, der Martin Hukset også kom på scoringslista i dag.

Dermed fekk Tambar ein flott avslutning på årets sesong med ein Askvollskalp i beltet, og der gutane viste gode prestasjonar i haustsesongen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse