Surt tap heilt på tampen av kampen

Tambar Fotball sitt gutelag spela ein bra kamp mot Hyllestad på Naustdal stadion i kveld, og hadde eit poeng i lomma heilt til ti sekundar stod att av kampen.

Tambar kom best i gang og kunne gå i leiing tidleg i fyrste omgang etter scoring av Jesper Tomassen. Laget jobb godt, og viste ved fleire høve godt spel og gode kombinasjoner. På slutten av omgangen utligner gjestane, og laga går til pause med 1-1.

I andre omgang fortset Tambargutane med mykje bra spel, og det er ikkje ufortent då Jesper er frampå og sender laget opp i ein 2-1 leiing.
Men nok ein gong kjem det ein utligning til Hyllestad og laga er like langt med 2-2.

Kampen går mot slutten, og det ser ut til att det vert poengdeling mellom Tambar og Hyllestad. Men berre sekundar før kampens dommer, Tore Personbråten, skal blåse av kampen, klarer gjestane å sette det avgjerande målet.

Surt for Tambar, som minst hadde fortent eit poeng i kveld.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse