Bra 1.omgang - tungt i andre

Tambar sitt gutelag tapte mot Askvoll/Holmedal på Naustdal stadion fredag ettermiddag, der heile sytten mål vart laga i kampen.

Kampen vart spelt som 7er fotball, då gjestane frå Askvoll ikkje klarte å stille nok spelarar til 9er fotball. Og det var gutane frå Askvoll(Holmedal som kom best i gang på stadion, og var oppe i ein 3-0 leiing etter om lag halvvegs ut i fyrste omgang.

Men Tambar kom tilbake i kampen, og med mykje bra spel og flott innsats klarte laget å utligne gjestane si leiing til 3-3. Det vert tett inn mot pause, og laga ligg lenge likt med 4-4 før Askvollgutane set pauseresultatet til sin fordel med 6-4.

Andreomgangen skal vi ikkje bruke så mykje tid på denne gongen, men berre konstantere at Askvoll/Holmedal var best, scora ytterliggare seks gonger og vinn kampen 12-5.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse