Gutelaget starta haustsesongen med seier over Gaular

Tambar Fotball sitt gutelag (G15/16) møtte Gaular til kamp på Naustdal stadion i kveld, der heimegutane stakk av med seieren i ein jamnspela kamp.

G15/16 9er
TAMBAR-GAULAR 4-2 (2-1)
1-0 Jesper Tomassen (14.min)
1-1 Gaular (17.min)
2-1 Jesper Tomassen (26.min)
3-1 Jesper Tomassen (60.min)
4-1 Sjølvmål (67.min)
4-2 Gaular (71.min)

Tambar tek leiinga i kampen då Jesper scorer kampens fyrste mål etter 17.minuttar spel. Målet kjem etter fint spel og gode kombinasjoner, der ballen går kjapt med pasning frå Martin ut på høgre kant, Jakob legg inn frå dødlinja og Jesper plasserer ballen fint til sides for keeper.

Men Gaular kjem kjapt tilbake, og utlignar til 1-1 berre tre minutter etter at Tambar tok leiinga. Gaularspissen tråklar seg gjennom heile forsvaret til Tambar, og scorer sikkert.

Jesper er frampå med si andre scoring for kvelden då han sender Tambar i leiinga att etter 26.minutter. Nok ein gong er det bra spel av Tambar i forkant, og nok ein gong er Jakob nest sist på ballen.

Tambar aukar til 3-1 om lag tjue minuttar ut i andre omgang då Jesper scorer sitt tredje mål i kampen. Denne gongen gjer han det meste sjølv og vinn ein viktig duell med ein Gaularforsvarer før han set ballen til sides for keeper og i mål.

4-1 til Tambar kjem då ein Gaularspelar er uheldig og set ballen over sin eigen keeper og i mål. Men Tambar skal ha kredit for godt press, som var med på at situasjonen oppstod.

På slutten av kampen scorer Gaular nok eit mål og reduserer til 2-4, noko som også vart sluttresultatet i kampen.

Bra innsats og periodevis mykje bra spel av Tambarlaget i kveldens kamp.

God og myndig dommer var Nils Paulen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse