Avslutta USA-oppholdet som ballgutar i toppkamp

Foto: Jørn Helgheim.

Tambargutane sitt opphold i USA går mot slutten, og dei kan no sjå tilbake på ti opplevelsesrike og kjekke dagar. Jørn Helgheim har sendt oss denne rapporten frå toppseriekampen i går kveld.

" I kveld hadde gutane frå Tambarskjelvar siste oppdrag før heimreise i morgon.

I kveld var dei ballgutar på ein toppkamp i dameserien i USA.
Seattle Reign Fc var allereie seriemeistrar i den amerikanske toppserien før kveldens kamp. Med 12 poengs leiing før dagens kamp var det ingen som kan ta dei att. Slik sett var kampen mot Huston Dash ikkje noko thrillar, men vi fekk sjå kvifor dei var overlegne i serien.

Med mange landslagsspelarar på laget vann dei enkelt 4-1. Dette er profesjonelle kvinner, og først på scoringslista i kveld var den japanske landslagsspelaren Nahomi Kawasumi. Ho scora dei to første, og lagets toppscorar Kim Little scora det neste.
Vi sat saman med vertsfamiliane til gutane på tribuna, der i mellom Kent trenaren. Og jubelen stod i taket då søskenbarnet hans, Beverly Goebel, scora det siste for The Reigns.

Gutane klarte jobben sin bra, ikkje så veldig mykje å gjere, men dei fekk vist seg fram for ca 3500 tilskodarar.

I morgon er det felles frokost før avskil og farvel med vertsfamiliane. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse