Kent-ordføraren starta kampen Kent-Tambar

Foto: Michelle VanDecar Kam, Kent.

Tambargutane som for tida oppheld seg i Kent i USA, spela i går sin andre og siste treningskamp mot eit sammensett gutelag frå Kent. Kampen gjekk på stadion med namnet Petrovitsky Park, og Jørn Helgheim har sendt oss denne rapporten frå kampen:

" Ordføraren i Kent opna kampen med å kaste mynt og kron om
banehalvdel og helsa på dei norske spelarane før kampen.

Vi møtte eit Kent-lag som var sett saman av dei beste spelarane deira. Vi fekk låne 5 andre spelarar.
Kent opna best og leia 3-0 etter første omgang.

Men vi ga ikkje opp, og andre omgang var vår. 3-1 og 3-2 kom fort, fleire gode sjansar hadde vi, så kom den bakover den som vi ikkje trenger, 4-2.
Etter på kom vi igjen til 4-3, og var nær på å utliknet før slutt.

Vi fekk litt lite rytme i kampen pga mange bytter og fordi spelarane på laget ikkje hadde spelt saman før.

Etter kampen var det forbrødring med grilling og bading og kikking på damene..

I morgon skal vi vere ballgutar på Seattle regin kamp, venta 5000 tilskodarar.

Gler oss.... "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse