Kent (USA)-Tambar (Norway) 2-3

Foto: Julie Preuss Arndt, Kent

Som seg hør og bør er det vennskap på høgt plan under opphaldet for Naustdalsgutane Dan Joar Vårdal Høiås, Sigve Heggedal Longvastøl, Markus Hjelle Cirotzki, Sivert Andal, Samson Vonen, Jesper Tomassen, Jakob Helgheim, Aleksander Fauske Helgås og Martin Hukset i Kent.

Tambar som berre har ein tropp på berre ni spelarar, fekk til den fyrste kampen mellom laga låne fire spelarar frå vennene frå Kent. Kampen gjekk sjølvsagt fint føre seg på ei glimrande grasmatte, der gjestane frå Naustdal ikkje var snauare enn at dei tok fyrste stikk med ein knepen 3-2 seier.

I tillegg til trening og kampar, har gutane også travle dagar med anna i Kent og området rundt, blant anna har dei i lag med sine vertsfamilier vore fleire turer til Seattle. Været kan dei heller ikkje klage på, sol og 28-30 grader er venta under heile opphaldet.

Klikk på bildet for å få større.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse