Reiser på fotballtur til USA i dag

I dag set ni gutar og tre voksne frå Naustdal seg på flyet til Kent i Washington til vèl ei veke med fotball og kulturutveksling.

Kent er venskapsbyen til kommunane Naustdal, Førde, Gaular og Jølster og planen var at gutar frå alle dei fire kommunane skulle dra til Kent i dag. Men då dei andre kommunane trekte seg i vår, bestemte Naustdalsgutane at dei ville prøve å få til turen. Så sjølv om det no vart berre ni gutar, der ein i utgangspunktet tenkte å reise 15-16 stykker og kunne stille med 11er-lag, legg ikkje dette noko demping på forventningane til gutane frå Naustdal.

Gutane skal bu hjå vertsfamilier medan dei oppheld seg i Kent, der dei skal ha felles fotballtreningar i tillegg til nokre treningskampar. I det vekelange opphaldet i Kent, som ligg like ved Seattle, skal også gutane delta på mykje sosiale tilstellingar i lag med jamaldra frå Kent og ein del farting i området rundt vil det også bli tid til.

For å få realisert turen til Kent, har foreldre og gutane henta inn mykje sponsorpengar, og utan den velviljen det har vore frå bedrifter i Naustdal og Førde, hadde det neppe vorte noko tur. Både hovudlaget i Tambarskjelvar og Tambarskjelvar Fotball har bidrege økonomisk til denne turen.

BILDE: Desse gutane reiser i dag til Kent USA :
(bak frå venstre) Dan Joar Vårdal Høiås, Sigve Heggedal Longvastøl, Markus Hjelle Cirotzki, Sivert Andal.
(framme frå venstre): Samson Vonen, Jesper Tomassen, Jakob Helgheim, Aleksander Fauske Helgås og Martin Hukset.

I tillegg til gutane er desse voksne reiseledarane med på turen: Geir Tomassen, Jørn Helgheim og Tone Hjelle Cirotzki.

Vi ynskjer alle lukke til med opphaldet i USA!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse