Gutelaget tapte borte mot Hyllestad

Tambar sitt gutelag avslutta vårsesongen med bortekamp mot Hyllestad torsdag kveld, der heimelaget var hakket kvassare og drog i land seieren.

Tambargutane fekk ein noko dårleg start på kampen, då heimelaget gjekk i føringa med to mål tidleg i fyrste omgang. Heimelaget scora ytterliggare to, medan Tambar scora eit, og laga gjekk til pause med 4-1 leiing til Hyllestad.

I andre omgang starta Tambar best. Spelarane stod fram og kriga mot dei eit år eldre motstandarane, vann dueller og spela god fotball når dei lot ballen gå i laget. Berre ein god Hyllestadkeeper og målstenger hindra Tambar å score meir enn det eine målet laget fekk inn i 2.omgang.

Sjølv med 2-6 tap for gutane, var det mykje positivt å ta med seg frå kampen. Laget var noko uheldig med nokre av måla dei fekk imot, samstundes hadde dei ikkje tur med alle sjansane i andre omgang. I tillegg viste samtlige på laget ein iherdig jobbing for kvarandre, som er bra å ta med seg inn i haustsesongen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse