Stjernesmell for gutelaget

Tambar sitt gutelag fekk det tøft i fredagens kamp mot Askvoll/Holmedal på Naustdal stadion, der heimelaget måtte hente ut heile fjorten ballar frå eige nett.

Kampen vart spelt som 7er fotball, då Tambar ikkje klarte å mønstre nok spelarar til 9er fotball til fredagens kamp.
Askvoll/Holmedal var hakket kvassare enn Tambar gjennom kampen, men heimelaget skal ha kred for å gjere eit hederleg forsøk mot gode motstandere.

Utan å bortforklare stortapet, bør det nemnast at gjestane stilte med stort sett eit år eldre gutar, der Tambar måtte hyre inn to smågutespelarar. Nemnast må også nemte smågutespelarar, som gjorde ein framifrå innsats på Tambar.

Sluttsiffer i kampen vart heile 4-14, der Sivert Andal (2), Jesper Tomassen + eit sjølvmål scora heimelaget sine mål.

Bjørn Hundershagen hadde god kontroll som pipeblåser i kampen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse