Midtstopper Martin scora tre mot Askvoll/Holmedal

Tambar Fotball sitt gutelag, G15/16, spelte sin andre kamp for sesongen onsdag kveld, då dei spela bortekamp mot Askvoll/Holmedal. Laga i denne avdelingen spelar både 7er og 9er fotball, alt etter kor mange spelarar laga klarer å stille til kampane.

I sin fyrste kamp sist veke møtte Tambar Gaular på Naustdal stadion, der dei vann 7-5 i ein kamp som vart spela som 7er fotball.

I kampen mot AHIL onsdag kveld spela laga 9er, der Tambar stilte med 10 spelarar der to av dei var keeperer.

Heimelaget tok leiinga 1-0 tidleg i omgangen, men Tambar svara kjapt med utligning til 1-1 ved Jesper Tomassen. I ein periode no kom scoringane kjapt, og dessverre for Tambar var det heimelaget som var mest på høgget, då dei sette inn tre kjappe mål og gjekk opp til 3-1 og 4-1. På tampen av omgangen sette Martin Hukset inn ei redusering til 2-4, på eit frispark frå midtbana.

I andre omgang gjekk AHIL opp til 6-2, før Martin sette inn ytterliggare to mål for Tambar. Tambar hadde fleire gode sjanser til å utligne leiinga til heimelaget, men i staden for vart det AHIL som fekk kampens siste scoering og kunne gå av bana med 7-4 seier.

G15/16
Askvoll/Holmedal-Tambar 7-4 (4-2)
1-0
1-1 Jesper Tomassen
2-1
3-1
4-1
4-2 Martin Hukset
5-2
6-2
6-3 Martin Hukset
6-4 Martin Hukset
7-4

Tambar: Markus Cirotzki, Thomas Personbråten, Martin Hukset, Sivert Andal, Samson Vonen, Jacob Helgheim, Dan Joar Vårdal, Daniel Heggelund, Aleksander Fauske, Jesper Tomassen.

BILDER FRÅ KAMPEN: https://picasaweb.google.com/111734810312800259114/G1516AHILTambar070514

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse