Gutelaget avslutta sesongen med seier, pizza og brus

Samarbeidslaget til Tambar Fotball og Eikefjord Fotball avslutta i kveld ein lang sesong med 4-2 seier mot Dale.

Dale tok leiinga i kampen, då dei på sitt fyrste angrep gjekk opp til 1-0 etter 10 minuttar spel, etter at heimelaget hadde vore det beste laget før scoringa til bortelaget.
Eikefjord/Tambar utligna berre få minutter etter, då Mathias Knapstad heddar eit innlegg frå høgre kontant i mål til side fro Dalekeeperen.
2-1 leiing vert det til heimelaget då Marius Storevik scorar på frispark, medan Jesper Tomassen aukar leiinga til 3-1 før fyrste omgang er omme.

I andre omgang kjem Dale meir inn i kampen og litt spenning vert det då dei reduserer til 2-3 kvarteret før slutt. Men håpet om å få med seg poeng tilbake til Dale forsvann då Elias Rognebakke fekk god treff frå omlag 16 meter og som keeperen berre måtte sjå gjekk i målnota, og heimelaget kunne med det gå av bana med ein velfortent 4-2 seier.

Etter kampen avslutta laget og trenarane i klubbhuset til Eikefjord Fotball. Her vart det servert god, heimelaga pizza som smakte omtrent like godt som kveldens seier.
Trenar Per Øyvind Storevik oppsummerte årets sesong, og rosa spelarane for gode treningar og ein flott fotballsesong, og takka for eit godt samarbeid mellom dei to klubbane.


G15/16 Eikefjord/Tambar-Dale 4-2 (3-1)
0-1 Dale
1-1 Mathias Knapstad
2-1 Marius Storevik
3-1 Jesper Tomassen
3-2 Dale
4-2 Elias Rognebakke

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse