Gutelaget kontrollerte inn seieren mot Førde 3

Eikefjord/Tambar møtte i kveld Førde 3 til kamp i klasse G15/16 på Naustdal stadion. Været var ikkje på lag med verken heimelag eller gjestane frå Førde, og regnet hølja ned gjennom heile kampen.

Sjølv om været var surt og kjølig, var det godt å sjå eit heimelag som varma publikum med mykje godt spel, særlig i første omgang. Dei fire måla vi fekk sjå denne omgangen var flotte mål alle saman, og vertane kunne gå til pause med ein fortent 4-0 leiing.

Sjølv om ikkje andre omgangen vart fult så velspelt som den fyrste, fekk vi også i denne omgangen sjå mykje bra spel frå Eikefjord/Tambar si side.

Gjestane frå Førde er nok godt nøgd med sine prestasjoner i denne omgangen, for laget avlutta kampen bra, og fekk sett inn tre mål i andre omgang.

Dermed enda kampen 5-3 til Eikefjord/Tambar, som kunne kontrollere kampen greit, sjølv om laget fekk noko meir å henge fingrane i utover siste del av kampen.


Dommar Nils Paulen lot seg ikkje distrahere av dritværet, og hadde som vanleg full kontroll på kampen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse