G15/16: Tapte toppkampen mot Askvoll/Holmedal

Eikefjord/Tambar tok i mot Askvoll/Holmedal til toppkamp på Naustdal stadion i kveld. Før kampen stod gjestane med poenget meir enn Eikefjord/Tambar, og heimelaget kunne med seier passere laget frå Askvoll.

Men det var Askvoll/Holmedal som kom best i gang, og gjekk opp til 1-0 tidleg i første omgang. Laget scora ytterliggare eit mål i denne omgangen, og kunne med det gå til pause med 2-0 leiing.

I andre omgang tok heimelaget meir over, men klarte ikkje kome til dei heilt store sjansane. Heller ikkje Askvoll/Holmedal skape så mykje denne omgangen, men scora omgangens einaste mål på eit lykketreff av ei scoring på tampen av omgangen.

Dermed vart det 0-3 tap for heimelaget, der gjestane beholdt tabelltoppen også etter kveldens kamp.

God dommer var Svein Arne Nordheim.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse