Gutelaget med storseier etter godt spel

Gutelaget til Eikefjord/Tambar spela i kveld bortekamp mot Dale, der laget kunne returnere til Naustdal/Eikefjord med ein konfortabel seier over Pondus-laget.

Eikefjord/Tambar varta opp med glimrande spel i fyrste omgang, der pasningsspel og bevegelser er det beste vi har sett frå laget denne sesongen. Laget hadde full kontroll på heimelaget i denne omgangen, og Dale fekk knapt låne ballen og vart i store perioder utspelt av eit meget godt Eikefjord/Tambar-lag.
Det var også i denne omgangen laget skapte dei fleste sjansane sine og scora alle måla sine i denne omgangen.

I andre omgang kom Dale noko meir med i kampen, og heimelaget scora trøstemålet sitt midtvegs ut i omgangen. Eikefjord/Tambar var det beste laget også i denne omgangen, men det butta meir i angrep enn den gode fyrste omgangen.

G15/16 Dale-Eikefjord/Tambar 1-5 (0-5)

0-1 Marius Storevik ( Scora direkte på frispark frå ca.20 meter)
0-2 Jesper Tomassen (Innlegg frå dødlinja Nicolai Andal)
0-3 Marius Storevik ( Scora direkte på frispark frå ca.16 meter)
0-4 Ola Frøyen ( Scora etter corner)
0-5 Martin Hukset ( Langskot frå ca. 27 meter)
1-5 Dale

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse