G15/16: Eikefjord/Tambar sløste med sjansane då dei vann 4-1

Eikefjord/Tambar varta opp med mykje god fotball i kveldens kamp mot Førde 3. Allerede etter eit minutt spel fekk vi sjå lagets første sjanse i kampen, men utan at det vart utteljing. Laget fortsette presset mot Førdemålet utover i heile første omgang, og det var til tider kanonade mot ein god og heldig Førdekeeper.

Overraskande var det at det var gjestane frå Førde som skulle få det første målet i kampen. Midtvegs i omgangen var laget frampå, som også var deira einaste målsjanse i omgangen, og sette ballen bak Tambarkeeper Markus Hjelle Cirotzki.

Berre få minutter seinare fekk heimelaget sin første og velfortente scoring, då Marius Storevik plasserte ballen i nota på eit langskot. Stillinga holdt seg omgangen ut, og laga gjekk til pause med 1-1.

I andre omgang tok Eikefjord/Tambar bedre vare på sjansane sine, og Elias Rognebakke sendte laget opp i 2-1 leiing tidleg i omgangen.

Marius Storevik scora ytterliggare to mål i denne omgangen, og heimelaget gjekk av bana med ein svært så fortent 4-1 seier.

Jan Petter Sæbø hadde som vanleg ein prikkfri dag som dommer.

G15/16 TAMBAR-FØRDE 3 4-1 (1-1)

0-1 Førde 3
1-1 Marius Storevik
2-1 Elias Rognebakke
3-1 Marius Storevik
4-1 Marius Storevik

Dommer: Jan Petter Sæbø

BILDER FRÅ KAMPEN:

Les mer: Bilder 2013


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse