G15/16: Eikefjord/Tambar starta haustsesongen med seier mot Dale

Eikefjord og Tambar sitt samarbeidslag i klasse G15/16 spela sin fyrste kamp etter sommarferien, då dei spela mot Dale på Dingemoen kunstgrasbane torsdag kveld.

Eikefjord/Tambar drog iland ein konfortabel seier, og vann kampen 5-0. Til pause var stillinga 2-0.
Måla vart scora av Naustdalsgutane, Ola Frøyen (2), Nicolai Andal (2) og Marius Storevik.

Neste kamp vert spelt i Eikefjord torsdag 29.august, då Askvoll/Holmedal er motstander.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse