G15/16: Tap mot Svelgen i kveld

Gutelaget til Eikefjord/Tambar tapte i kveld 4-1 bortekampen mot Svelgen, etter at stillinga ved pause var 2-1 til heimelaget.

Eikefjord/Tambar fekk ein dårleg start på kveldens kamp, og fekk to mål imot tidleg i første omgang.
Etter scoringane til Svelgen tok Eikefjord/Tambar tak i kampen, og fekk ein fullt fortent redusering av Marius Storevik etter fint spel midtvegs i omgangen. Herifrå og omgangen ut, var det stort sett spel mot eit mål. Eikefjord/Tambar spelte i denne perioden mykje god fotball og hadde mange sjanser som vart spolert framfor Svelgenkeeperen. Laga gjekk til pause med ein 2-1 leiing til heimelaget.

Andreomgangen var berre få minutter då Svelgen auka til 3-1. Etter denne scoringa såg det ut som lufta gjekk ut av våre spelarar, og dei greide ikkje kome tilbake til dei gode taktene dei hadde i omgangen før. Svelgen scora ytterliggare eit mål i denne omgangen, og fastsette med det sluttresultatet til 4-1.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse